Brumunddal 3 - 1 Brattvåg


Det vart eit bittert tap laurdag når herrelaget gjesta Brumunddal.

Første omgang

Om ein ser på resultatet, spesielt pauseresultatet, så kan det sjå ut som Brattvåg vart knust i Brumunddal på laurdag, men det ville vere å ta i. To sjansar og ei straffe var altså nok til at heimelaget gikk til pause med 3-0 leiing. Leiarmålet kom etter 24 minutt når Ertsås blir ståande alt for aleine og på volley smell ballen bak ein sjanselaus Thorsen i Brattvågmålet, like sjanselaus var også Thorsen på eit frispark åtte minutt etter, ballen gikk over muren og i mål. Så, berre eit minutt før pause kjem det som nok var spikeren i kista, straffespark, vi kommenterer ikkje det noko meir enn at vi konstaterer at Ertsås satt straffesparket i mål. Dermed 3-0. Brattvåg hadde også sine sjansar, men uten at det vart uttelling i målprotokollen.

Andre omgang

Brattvåg starta med å gå ut i høgt tempo, med høgt press i andre, vi hadde ingen planer om å gi frå oss poeng i Brumunddal. Ikkje lenge etter pause roper Brattvåg på straffe når ein Dalaspelar slår ballen med handa ut til corner, dessverre var det ingen av dei svartkledde som såg denne. Den påfølgande corneren header Kjellman mot mål, kanskje i mål, vi veit ikkje, men han som redda på strek stod langt inne. Uansett, fortsatt 3-0, Brattvåg gjer grep, sett opp Prince som ein ekstra angripar, fortsette å styre kampen. Fleire gode forsøk no, blant anna har Harry eit godt skot rett over mål. Reduseringa kjem etter 71 minutt, enda en gang er det Kjellman som rager høgast på ein corner og denne gangen blir det dømt mål. Lamine kjem inn for Palacios nokre minutt seinare, og får straks ein god sjanse, men som han sett like til side for mål, hadde vi fått mål der så kunne mykje vore annaleis, men det ville seg ikkje, dermed vart det tap borte mot Brumunddal.

Også komande helg skal herrelaget spele borte, då mot Gjøvik/Lyn. Kampstart er 1600, vi håper at mange tar turen ned til Mjøsa, om det er på rett eller gal side av Mjøsa skal ikkje vi melde.

Stadion

SH-Banen


Tilskodarar

247


Tidspunkt

16:00, 13. aug. 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Anders Hauglund
  • Assistentdommar 1: Yahya Swajet
  • Assistentdommar 2: Jonas Hovden

Mål
  • 1-0, Sigurd Ertsås (24 min)
  • 2-0, Håkon Aalmen (33 min)
  • 3-0, Sigurd Ertdås (44 min)
  • 3-1, Robert Kjellman (70 min)

Kort
  • Robin Palacios - Brattvåg (39 min)
  • Harmohan Singh - Brattvåg (73 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos