Siger, 4-1 mot Tynset
Siger, 4-1 mot Tynset

Brattvåg 4 - 1 Tynset


Herrelaget med solid siger heime mot Tynset, siger 4-1 og det kunne vore meir

Første omgang

Brattvåg kom klart best i gang og allereie etter 4 minutt sendte Grytten heimelaget i føringa etter at han første fikk skutt og keeperen ga retur, en retur han heada i mål.

Torbjørn auka leiinga seks minutt seinare når han fikk æra av å avslutte eit angrep som det virkelig lukta svidd av.

Heimelaget hadde fleire gode sjansar i første omgang, blant anna eit skot frå Karlsen som keeper mesterlig redda.

Fleire mål vart det ikkje i første omgang, dermed fortjent 2-0 leiing.

Andre omgang

Andre omgang starta langt i frå like bra som første, dermed fikk Tynset eit lite overtak i byrjinga og pressa fram ein corner. Strypet får stå heilt aleine og heade corneren i mål, og redusering 2-1. Fleire vart nok stressa då, skulle sigeren glippe? Neida, Tynset hang med ei stund, men så auka Brattvåg tempo og fikk igjen taket på kampen.

Etter 65 minutt rulla vi fint opp, ballen havna hos Alvestad på kant, han la knallhardt inn føre mål til Karlsen som heada utakbart i mål. 3-1!

Karlsen scora også 4-1 etter eit skot frå 16 meter. Kampens siste mål og komfortabel siger.

Neste veke venter serielederen Elverum, vi gleda oss!

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Torbjørn Grytten.

Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Finn Alvestad.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

301


Tidspunkt

16:00, 17. sep. 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Mathias Smehus Kringstad
  • Assistentdommar 1: Øyvind Birkeland
  • Assistentdommar 2: Bjørn Magne Bakkom

Mål
  • 1-0, Torbjørn Grytten (3 min)
  • 2-0, Torbjørn Grytten (10 min)
  • 2-1, Lars Strypet (49 min)
  • 3-1, Michael Karlsen (65 min)
  • 4-1, Michael Karlsen (79 min)

Kort
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos