Siger for damelaget!
Siger for damelaget!

Brattvåg 4 - 3 FK Sykkylven


Damelaget med solid siger på heimebane mot FK Sykkylven.

Første omgang

Det var FK Sykkylven som tok leiinga i oppgjeret då Martine Lekanger sette inn kampens første scoring etter 17 minutt.

Andre omgang

Brattvåg utlikna rett etter pause ved Mariann Longva Otterlei, noko som ga damene blod på tann. Like etter sette nemleg Vibecke Koppen Krogsæter inn leiarmålet 2-1, før Sunniva Johansen auka til 3-1 etter 64 minutt. Det såg då ut til å gå mot ein komfortabel siger for heimelaget, men FK Sykkylven kjempa seg tilbake i oppgjeret med scoringar i det 70. og 78. minutt.

Vibecke Krogsæter nekta å gi vekk poeng, og tre minutt før full tid avgjorde ho kampen med eit flott frisparkmål. Damene tok dermed sin tredje siger for året, og ligg no på 6. plass på tabellen med 11 poeng.

Marte Arntsen vart kåra til dagens beste Brattvågspelar, medan Vibecke Krogsæter stakk av med prisen for beste enkeltmannsprestasjon.

22.juni er det ny kamp mot Fortuna/Aksla på bortebane. Kampstart klokka 18.30.

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

80


Tidspunkt

19:00, 15. juni 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Oddmund Kaldussæter
  • Assistentdommar 1:
  • Assistentdommar 2:

Mål
  • 0-1, Martine Lekanger Øyhaugen (17 min)
  • 1-1, Mariann Longva Otterlei (47 min)
  • 2-1, Vibecke Koppen Krogsæter (55 min)
  • 3-1, Sunniva Johansen (64 min)
  • 3-2, Cornelia Emblem Lade (70 min)
  • 3-3, Ingeborg Aure (78 min)
  • 4-3, Vibecke Koppen Krogsæter (87 min)

Kort
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos