Siger over Nardo!
Siger over Nardo!

Nardo 0 - 2 Brattvåg


Sterk bortesiger i Trondheim. Harry og Torbjørn sine to mål var det som skulle til for å reise heim med tre solide poeng.

Første omgang

Det var Brattvåg som kom best i gang på Nissekollen. Brattvåg var nærme når Harry la inn føre mål til Karlsen, men denne sjansen vart stoppa av ein Nardostoppar. Nardo sin største sjanse var etter 20 minutt når dei skaut stolpe ut. Etter 34 minutt kom 1-0 etter at Tobbe la inn til Harry som enkelt sendte gultrøyene opp i leiinga. Kampens siste mål kom også i første omgang. Denne gangen var det Tobbe sin tur, innlegget kom frå andre sida og nest sist på ballen var Palacios.


Andre omgang

Nardo starta 2. omgang med to gode sjanser, men fikk ikkje resultat ut av sjansane, dermed fikk Brattvåg kampen slik dei ønska den. Brattvåg låg fint og styrte kampen greit. Nardo var lave sjølv om dei jaga ei redusering. Dermed blei det mest som ei transportetappe å regne. Brattvåg burde auka leiinga både 1 og 2 ganga, men slik vart det ikkje. Siste ti minutta la Nardo om til fire på topp, men då svarte Gidlund og Vestre med å sette Fløtre bak i bana. Eit grep som fungerte godt.

Også i denne bortekampen var vi i overtal på tribuna. Tusen takk til alle som tok turen!

Allereie om sju dager er det klart for ny kamp når vi tar i mot Tynset på laurdag kl. 1600. Vel møtt!

Stadion

Nissekollen


Tilskodarar

50


Tidspunkt

13:00, 10. sep. 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Robert Eggen
  • Assistentdommar 1: Lars Ingvaldsen
  • Assistentdommar 2: Johannes Fordal

Mål
  • 0-1, Harry Singh (34 min)
  • 0-2, Torbjørn Grytten (36 min)

Kort
  • Albert Berbatovci - Nardo (45 min)
  • Harmohan Singh - Brattvåg (0 min)
  • Kristoffer Hildrestrand - Brattvåg (87 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos