Tap mot Stjørdals Blink
Tap mot Stjørdals Blink

Brattvåg 1 - 2 Stjørdals Blink


Herrelaget møtte i dag Stjørdals Blink på heimebane, det endte dessverre med 1-2 tap mot trønderane.

Første omgang

Det såg veldig bra ut dei første minutta, heimelaget hadde hatt tre cornerar etter to minutt og pressa på, men så var det stopp. Sander Kartum sendte gjestane i føringa allereie etter fire minutt. Etter dette fulgte ei periode på 30 minutt som var under pari for heimelaget. Heldigvis tok både innsats og spel seg opp mot slutten av omgangen, men ikkje nok til at ein fikk inn noko utligningsmål før dommaren signaliserte pause.

Andre omgang

Andre omgang er bedre enn første, både på innsats og sjanser. Vi skapar meir enn nok sjanser til å score både eit, to og tre mål, men det vil seg ikkje. Ikkje før Torbjørn Grytten, Brattvågs beste i dag blir spelt gjennom av Michael Karlsen etter 64 minutt. Aleine med keeper gjer han alt rett og utligner til 1-1 etter 64 minutt. Brattvåg fortsetter å skape sjanser, men mål blir det ikkje. Dessverre er det Stjørdals Blink som scorar det siste, Sondre Stokke blir matchvinnar når 81 minutt er spelt.

Dermed ender det 1-2 og eit bittert tap er eit faktum.

No er det en ting som gjeld, brette opp ermane og gi full innsats siste tre kampane så har vi fortsatt gode sjansar for vidare eksistens i PostNordligaen.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk i dag til Torbjørn Grytten
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk i dag til Michael Karlsen.


Takk til publikum som tok turen i dag!

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

276


Tidspunkt

13:00, 1. okt. 2016


Dommarar
  • Hoveddommar: Mathias Kringstad
  • Assistentdommar 1: Torgeir Halsen
  • Assistentdommar 2: Kristian Melset

Mål
  • 0-1, Sander Kartum (4 min)
  • 1-1, Torbjørn Grytten (64 min)
  • 1-2, Sondre Stokke (81 min)

Kort
  • Bjørnar Hove - Stjørdals Blink (79 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos