Herrelaget med 1-3 siger på Color Line Stadion
Herrelaget med 1-3 siger på Color Line Stadion

Aalesunds FK 2 1 - 3 Brattvåg


200 Brattvågsupportarar såg herrelaget vinne 1-3 på Color Line Stadion. Brattvåg var betre enn AaFK 2 i denne kampen, men gjorde ikkje meir enn strengt tatt nødvendig. Men siger 1-3 mot eit godt AaFK 2 lag skal ein vere nøgd med.

Første omgang

Dei store sjansane uteblei i første omgang, men både AaFK og Brattvåg hadde sine moglegheiter i første omgang. Brattvåg sitt leiar mål kom på eit perfekt tidspunkt, berre tre minutt før pause fikk Torbjørn pirka ballen i mål frå nært hald. Ballen kom inn i feltet og hamna hos Emil som forsøkte å skyte, skotet blei blokkert, men Torbjørn fikk snappa opp ballen og enkelt satt den i mål til 0-1. 0-1 vart også pauseresultatet.

Andre omgang

Om det leiar målet kom på eit perfekt tidspunkt så kan vi vel sei det same om 0-2 målet. Laga hadde knappast kome på bana før Hannes fikk lagt ballen inn føre mål og en gloheit Håkon fikk breisida ballen i mål frå 14 meter.

Brattvåg hadde ei av sine betre perioder etter dette, men på ein corner etter 62 minutt glepp det og AaFK får kontra inn reduseringa til 1-2. AaFK og Waagan får litt for enkle arbeidsforhold når dei tar overgangen og nemnte Waagan er iskald mot en sjanselaus Thorsen i Brattvågmålet.

Heldigvis for nervane til dei 200 frammøtte Brattvågsupporterane tar det berre fem minutt før Håkon igjen er frampå og scorer. Eit frispark frå midten finn Håkon som header ballen frå 16 meter og i mål. Ein uheldig AaFK keeper på mellomdistanse kan ikkje gjere noko med ballen som går i høg boge over han. 1-3 blir også sluttresultatet i ein kamp der vi ikkje imponerer, men allikevel får med oss tre viktige poeng.

Neste kamp er allereie førstkomande laurdag når Spjelkavik gjester stadion kl. 1400.

Tusen takk til alle som tok turen, vi vonar at dykk kjem på Brattvåg Stadion laurdag.


Stadion

Color Line


Tilskodarar

280


Tidspunkt

19:00, 22. mai 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Kristian Melset
  • Assistentdommar 1: Martin Solheim
  • Assistentdommar 2: Bjørn Bakkom

Mål
  • 0-1, Torbjørn Grytten (41 min)
  • 0-2, Håkon Leine (48 min)
  • 1-2, Anders Waagan (62 min)
  • 1-3, Håkon Leine (68 min)

Kort
  • Niklas Rekdal - Brattvåg (33 min)
  • Emil Solnørdal - Aalesunds FK 2 (78 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos