Strålande fotball ga solid 5-1 siger mot Herd
Strålande fotball ga solid 5-1 siger mot Herd

Brattvåg 5 - 1 Herd


Brattvåg strålte om kapp med sola når Herd gjesta Brattvåg Stadion, i 90 minutter med festfotball enda det til slutt 5-1

Første omgang

Brattvåg fikk ein forrykande start på kampen, med 1-0 scoring av Emil Dahle før det var gått 5 minutt, målet kom etter ei genial pasning igjennom frå Thomas Martinussen, aleine med keeper var Emil sikker som Sparebanken Møre og satte ballen i mål. Brattvåg fortsatte å dominere kampen, kom til nokre halvsjansar, men fikk ikkje mål nummer to før det var gått 36 minutt, målet kom etter eit voldsomt klikk-klakk spel inne i Herd sin 16 meter, eit angrep som Thomas fikk avslutte og enkelt sette i mål. Herd fikk sin første moglegheit rett før laga gikk til pause, men Prince fikk avverga headinga til Herd som kom etter eit innlegg frå kant. Dermed gikk laga til pause på stillinga 2-0.

Andre omgang

Andre omgang starta enda betre enn den første, allereie i det 48. minuttet satte Daniel Stensøe inn 3-0, også denne gang etter klikk-klakk fotball inne i Herd sin 16 meter. Daniel var også sist på ballen når vi la på til 4-0 etter 55 min. Etter dette så kjem Brattvåg til fleire gode muligheter, men det skal gå 85 minutt før vi får kampens siste Brattvåg mål. Didrik kjem rett frå innbyttarbenken og blir spelt gjennom, han tar seg tid til å dempe før han klinkar ballen i mål.

På overtid får Herd straffe etter at Thorsen i Brattvågmålet må gi ein retur på eit frispark, i kamp om returen ender det med at Herd sin spelar får ein fot på ballen samtidig med at Thorsen også får tak i ballen, Herd spelaren endar opp med å falle og dommaren peikar på straffemerket. Andreas Rekdal er sikker på straffa og reduserer til 5-1, noko som også vart sluttresultatet.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk i dag til Emmanuel Adeyeye, Emmanuel fikk også N`joy prisen for beste enkeltmannsprestasjon.

Tusen takk for oppmøte, spesielt kjekt var det at russen gjesta stadion og laga litt ekstra liv på tribuna.


Foto: Rolf Hansen

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

284


Tidspunkt

14:00, 13. mai 2017


Dommarar
  • Hoveddommar: Bjørn Bakkom
  • Assistentdommar 1: Martin Javier Solheim
  • Assistentdommar 2: Rohollah Ahmadzai

Mål
  • 1-0, Emil Dahle (4 min)
  • 2-0, Thomas Martinussen (36 min)
  • 3-0, Daniel Stensøe (48 min)
  • 4-0, Daniel Stensøe (55 min)
  • 5-0, Didrik Fløtre (85 min)
  • 5-1, Andreas Rekdal (90 min)

Kort
  • Thomas Martinussen - Brattvåg (21 min)
  • Christian Karlsbakk - Herd (29 min)
  • Daniel Stensøe - Brattvåg (37 min)
  • Jonas Ingebrigtsen - Herd (46 min)
  • Parfait Bizoza - Herd (59 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos