Første omgang
Brattvåg får ein verst mogleg start etter slurv i bakre rekker, Skeid utnytter feilen og Mesut Can får straffe når han legg seg i ein duell med keeper Hansen i Brattvåg målet. Ein tung start allereie etter eit minutt og banens gigant David Tavakoli er sikker når han sett inn straffa til 0-1. Det er same Tavakoli som er frampå og sett inn 0-2 åtte minutt seinare, før Henning Andresen nærmast sett spikaren i kista etter tjuefire minutt når han sett inn 0-3.
Brattvåg er meir med etter dette, noko som nok kjem som ei følgje av at Skeid er nøgd med tre mål, og gjerne vil gå inn til pause med ei trygg leiing, men som følgje av at vi kjem meir med i kampen så kjem også reduseringsmålet fire minutt før pause, Patrik Hjelmseth legg inn ballen føre mål og ein umarkert Håkon Leine skyt ballen i mål frå åtte meter. Dermed går vi i garderoba med fornya tru på det.