Vidar 1 - 1 Brattvåg


Det vart poengdeling i laurdagens oppgjer på bortebane mot Vidar. Etter en veldig god start på kampen for Brattvåg kom Vidar meir med etterkvart og utligningsmålet til Vidar rett før pause vart også kampens siste, dermed enda det 1-1.

Første omgang

Brattvåg starta kampen mot Vidar veldig godt og gikk opp i leiing etter ei flott avslutning av Torbjørn som satt ballen nede i lengste hjørnet. Brattvåg hadde full kontroll første 40 minutta av kampen, men etter 41 minutt er vi upresise på eigen banehalvdel, dette utnyttar Christian Landsnes på topp for Vidar og utligner til 1-1. Synd at vi gir frå oss initiativet i kampen og går til pause på stillinga 1-1.

Andre omgang

Siste 45 minutta vart langt jamnare og det bølga fram og tilbake og begge lag hadde store sjansar til å få med seg alle tre poenga. Størst var kanskje Håkon sin sjanse når han heada rett til side for mål berre nokre få minutt før dommaren blåste av kampen. Dermed enda det uavgjort i Stavanger. Det positive er at vi ikkje har tapt enda på bortebane i år, og den gode bortestatistikken frå 2017 sesongen fortsette.

Laurdag tar vi i mot Bryne til ny kamp i PostNord ligaen, kl. 1700. Vel møtt!

Stadion

Lassa Gras


Tilskodarar

100


Tidspunkt

16:00, 12. mai 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Ola Kellerhals
  • Assistentdommar 1: Johan Kjellesvik
  • Assistentdommar 2: Leif Andersson

Mål
  • 0-1, Torbjørn Grytten (22 min)
  • 1-1, Christian Landsnes (41 min)

Kort
  • Emil Randulff - Vidar (54 min)
  • Petter Stolsmo - Vidar (90 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos