Andre omgang
Vi kjem ut i andre omgang litt meir offensiv mot eit særs godt VIF 2 lag, og når Sondre fyre av på volley frå nesten 30 meter og keeper ikkje får slått ballen langt nok ut så står det 1-0 etter 52 minutt. God start på omgangen, men kampen er langt frå over, det er høgt tempo og to lag som ynskjer å spele god fotball. Tre minutt etter at Brattvåg går opp i leiinga får Vålerenga straffe, ei straffe som Neydson reddar mesterleg. Heimelaget står høgt og gir VIF lite tid, akkurat det utnyttar vi etter 66 minutt. Vi vinn ballen langt inne på deira banehalvdel, har nokre fine kombinasjonar og Simon sett opp Emil som skyt via ein spelar og i mål.
Etter målet roar det seg litt, men det bølger fortsatt og etter 82 minutt får VIF reduseringa si som dei har jakta når Abdisalam sett inn reduseringa etter eit innlegg frå venstre.
Det er høg temperatur mot slutten, og på overtid får Enar Jaager direkte raudt etter nokre gloser mot dommaren, som ikkje egnar seg på trykk.
Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Scott Fellows
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Neydson da Silva.
Sjå bilder frå kampen her: http://www.brattvag-il.no/nyheiter/2018/bilder-fra...