I søndagens kamp mot HaNo enda det med siger 3-0 over naboen frå øyane. Ein pangstart frå heimelaget, med mål allereie etter seks minutt av Vibecke var med å prege kampen, og når Siri fem minutt seinare la på til 2-0 såg det bra ut. Brattvåg fortsette å styre kampen og Vibecke ga dei frammøtte kvilepuls når ho auka til 3-0 allereie etter tjuefire minutt. Dermed vart kampen meir som ei transportetappe og Brattvåg fikk med seg ein fortjent og god siger. No ventar Sykkylven borte allereie på onsdag, vi får håpe damene tar med seg dei to positive opplevingane frå dei siste kampane inn mot Sykkylven kampen.
Takk til alle som tok turen og støtta damene.