Knallsterk bortekamp for damelaget, når dei reiste heim frå Blindheim med alle poenga.
Alice Longva i Brattvågmålet hadde bestemt seg, det skulle ikkje bli enkelt for Blindheim denne kvelden. Storspel i 90 minutt og banens 1er, ei strafferedning mot slutten
av kampen oppsumerte Alice sin kveld på Blindheim.
Foran henne på bana var også Olivia i storslag, og scora to flotte mål. Først dribla ho vekk 3-4 spelarar før ho aleine med keeperen banka ballen kontant i hjørnet, medan sigersmålet kom etter eit langskot
frå 30 meter som var plassert heilt oppe ved tverra.
Sjølv med to spelarar som virkeleg blomstra denne kampen, var det fortsatt ein lagsiger. Sjølv om Blindheim er eit godt og ballbestitjande lag så var det Brattvåg som ville mest denne kvelden.