Siger i Oslo, vi spelar i PostNord ligaen også i 2019.
Siger i Oslo, vi spelar i PostNord ligaen også i 2019.

Kjelsås 0 - 1 Brattvåg


Det vart aldri ein finspelt kamp i Oslo mot Kjelsås, men med god kontroll bakover og det nødvendige målet i motsatt enda så drog vi i land nok ein sterk siger på bortebane.

Første omgang

Det var Kjelsås som kom best i gang på Grefsen Kunstgras, og hadde nokre sjansar i innleiinga. Brattvåg kom meir med utover og etter femten minutt vinn vi ballen høgt oppe på Kjelsås sin banehalvdel, ballen endar til slutt hos Patrik som klemme til frå litt spiss vinkel og opp i hjørnet og uttakbart for keeper. Utover i omgangen jamnar det seg ut og Brattvåg har god kontroll når laga går til pause.

Andre omgang

I pause gjer laget to endringar, begge i forsvar, begge byta som følgje av sjukdom. Samtidig med å gjer byta så legg vi oss også lavare. Dette gjer at vi hindrar overgangar, samtidig som Kjelsås då forsøker å kome til innlegg, men inne i sekstenmeteren ryddar vi unna det som kjem. Det gjer at laget tar nok ein sterk siger på bortebane, Brattvåg har faktisk sju sigrar på bortebane denne sesongen, knallsterkt. Berre Egersund har like mange.

Dette gjer at vi no har sikra fornya kontrakt i serien, det to runder før slutt. No handlar resten om å forsøke å ta to sigrar til på sesongens to siste kampar og klatre vidare på tabellen. Pr. i dag ligg vi på sjuande plass, men det er ingen som kan sei seg fornøgd med det utan å forsøke å klatre vidare oppover.

Neste kamp er mot Nardo, eit Nardo som er heilt avhengig av siger om dei skal klare å halde seg i divisjonen. Det blir kamp heile vegen til døra for laga på botnen.

Velkomen skal dykk vere.

Stadion

Grefsen Kunstgress


Tilskodarar

50


Tidspunkt

15:00, 14. okt. 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Sulman Hussain
  • Assistentdommar 1: Haron Siad
  • Assistentdommar 2: Yahya Swajet

Mål
  • 0-1, Patrik Dønheim Hjelmseth (15 min)

Kort
  • Jesper Solli - Kjelsås (41 min)
  • Ola Husby - 77 (77 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos