Siger og tre poeng mot KFUM!
Siger og tre poeng mot KFUM!

KFUM 0 - 1 Brattvåg


Eit Brattvåg lag i flyten stakk av med alle poenga i kampen mot KFUM i Oslo, dermed står vi med 9 av 9 moglege poeng etter ferien. Eit straffespark frå Torbjørn Grytten var det som skilde laga.

Første omgang

Det er KFUM som kjem best i gang på Ekeberg, om vi skal legge skulda på den litt treige starten på nokon så får det kanskje bli eit forsinka Norwegian fly som gjer at vi kjem seint til arenaen. Men det gikk heldigvis godt denne gangen, vi kjem gradvis meir inn i kampen. For vi skal vere så ærlig å sei at vi kunne hamna under i starten, men eit godt forsvar og ein stolpe som var på vår side gjor at vi fortsatt var med i kampen. Utover omgangen så blei det gradvis jamnare og vi går til pause med ein god følelse, og ei tryggheit på at det kan bli både poeng og siger.

Andre omgang

Det var eit betre Brattvåg lag som kom på bana etter pause, og vi trengte ingen byte i pausa for å kome ut av startblokkene betre i andre omgang. KFUM hadde nok ballen mest også i andre omgang, men vi låg godt og forsvarte oss godt. Overgangane blei betre og betre og gjor at KFUM blei usikre. Vi fikk i gang kantane, og når Patrik velge å gå rundt på kant for å få slått inn frå dødlinja blir han haldt igjen og dommaren blæs og peika på straffemerket. Det kunne sjå billig ut, men dommaren står i ein god posisjon og ser at drakta til Patrik står rett ut. Dermed er det duka for straffe, og som vanleg er det Torbjørn som er straffetaker, og som så mange gangar før sett han den i nettet. 0-1 etter 64 minutt. Brattvåg legg då om til ein femmer bak og forsvara inn sigeren. Ein taktisk triumf for Karl Oskar og resten av trenarteamet!

No ventar Vålerenga 2 på Brattvåg Stadion, måndag 20. august kl. 1800.

Stadion

KFUM Arena


Tilskodarar

0


Tidspunkt

17:00, 12. aug. 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Ola Kellerhals
  • Assistentdommar 1: William Nahas
  • Assistentdommar 2: Silje Thoresen

Mål
  • 0-1, Torbjørn Grytten (64 min)

Kort
  • Emil Dahle - Brattvåg (22 min)
  • Jo Nymo Matland - Brattvåg (74 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos