Siger over Vidar
Siger over Vidar

Brattvåg 4 - 1 Vidar


Strålande siger mot Vidar, etter festfotball i andre omgang.

Første omgang

Det starta veldig bra, allereie etter ti minutt kom målet som det vil bli snakka om i lang tid. Sondre Beite får ballen og forserer framover, han vende vekk to mann, sende keeperen på bærtur og fortsette mot mål. Når Sondre ser at han får for spiss vinkel så ventar han ut midtstopperen som kjem skliande, vende seg utover i bana og sett den i mål. Fantastisk enkeltmannsprestasjon!

Sjølv med ein god start så ser heimelaget litt tamt ut, Vidar kjem inn i kampen og etter atten minutt får Vidar straffe, ei omdiskutert ei, men straffe er dømt og denne sett Thomas Jakobsen sikkert i mål. Dermed er laga like langt. Det er ikkje mykje meir som hende i første omgang, dermed går laga til pause på stillinga 1-1.

Andre omgang

Det er ein heilt anna glød og tempo i andre omgang. Heimelaget går villig vekk i angrep etter angrep, anført av banens gigant Simon Tomren produserer heimelaget fleire stor sjansar. Når 50 minutt er spelt så får innbyttar Niklas Rekdal ballen inne i feltet og skrur den i lengste kryss. Flott avslutning og heimelaget er igjen i føringa.

Etter 70 minutt får Simon ballen, han gjer forarbeidet på fantastisk vis, så Håkon Leine får ein enkel jobb med å auke til 3-1, og berre fire minutt seinare er det Torbjørn Grytten som gjer forarbeidet og igjen er det Håkon som får æra av å sette ballen i ope mål, dermed står det 4-1, noko som også blir sluttresultatet.

Sparebanken Møre sin bestemannspris gikk til Simon Tomren.
Njoy prisen for beste enkeltmannsprestasjon gikk til Sondre Beite.

No ventar bortekamp mot Bryne førstkomande laurdag. Vi gleda oss til å ta turen til Jæren.

Bildet av headingen er tatt av Toril Dønheim, tusen takk. I lenka under finn dykk fleire bilder frå kampen.

http://www.brattvag-il.no/nyheiter/2018/bilder-fra...

Stadion

Brattvåg Stadion


Tilskodarar

286


Tidspunkt

15:00, 2. sep. 2018


Dommarar
  • Hoveddommar: Tore Olsen Hagelund
  • Assistentdommar 1: Kjell Ytre-Eide
  • Assistentdommar 2: Kamil Hanssen

Mål
  • 1-0, Sondre Beite (10 min)
  • 1-1, Thomas Jakobsen (18 min)
  • 2-1, Niklas Rekdal (50 min)
  • 3-1, Håkon Leine (70 min)
  • 4-1, Håkon Leine (74 min)

Kort
  • Håkon Leine - Brattvåg (64 min)
  • Simon Tomren - Brattvåg (67 min)
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos