Andre omgang
Andre omgang starta dessverre ikkje lika bra som første og allereie fem minutt ut i andre omgang pressa Fløy fram eit sjølvmål og vi var like langt. Men bortelaget fortsatte same presset og intensiteten som i første omgang. Og vi fikk betalt for dette, når det er spelt 75 minutt og Håkon sender Brattvåg i føringa etter at Thomas sett han opp på seksten meter. Ei flott avslutning ute i hjørnet.
Det går ikkje mange minutta før Sondre legg på til 1-3, etter eit fint innspel frå Daniel bruker Sondre eit touch for å legge ballen til rette før han lobber over keeper. Så er det spelt 80 minutt når Thomas spelar fri Sondre på kant, Sondre legg inn til Håkon som enkelt aukar til 1-4. Dei to frå Skodje gjer ein fantastisk kamp og etter 86 minutt fastsett Sondre resultatet til 1-5 med ei langskot frå kanten og i lengste hjørnet.
No venter ein kamp før vi tar ferie, laurdag tar vi i mot Kjelsås på Brattvåg Stadion.