Brattvåg gjestar Elverum
Brattvåg gjestar Elverum

Brattvåg gjestar Elverum


Når fem serierunder gjenstår leiar Elverum serien med ti poeng, då kan det ikkje rakne. Vi utropar Elverum til seriemester, sjølv om det blir tap mot Brattvåg har dei minimum sju poeng leiing når det er tolv poeng til å spele for. Det er ei luka dei ikkje gir frå seg.

Brattvåg reiser til Elverum fredag, med sjølvtillit etter to gode kampar, sist med 4-1 siger over Tynset og ein bortekamp mot Nardo der vi fikk med oss tre poeng heim og ein solid 2-0 siger.

No er det altså Elverum som står på motsatt banehalvdel, laurdag kl. 1400. Elverum har til gode å tape på heimebane i år. Så får vi håpe og tru at deira første tap kjem mot Brattvåg.

Vi har tatt ein prat med trenar Per Gidlund før avreise.

Per kan fortelje at vi har alle spelarar tilbake frå karantene, tilbake på feltet er også fleire av dei som har vore ute med skade, så vi reiser med ein sterk 18 mannstropp til Elverum. At vi har nærmast alle tilbake i trening gjer også at konkuransen om ein plass frå start tilspisser seg og dette har slått positivt ut på trening denne veka. Utover hausten har laget blitt meir og meir stabilt og med stigande formkurve blir det kjekt å bryne seg mot seriemesteren Elverum.

Vel møtt til kamp! Vi sett enorm pris på alle som støtter oss frå tribuneplass!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos