Brattvåg gjestar Varegg og Stemmemyren Stadion laurdag
Brattvåg gjestar Varegg og Stemmemyren Stadion laurdag

Brattvåg gjestar Varegg og Stemmemyren Stadion laurdag


Laurdag kl. 1530 gjestar vi Varegg, motstanderen som snudde kampen mot oss på overtid i Brattvåg. Vi har ein heil del å revansjere!

I Bergen handlar alt om Sykkel VM denne veka, men alle som er glad i fotball skjønna at Varegg - Brattvåg er langt viktigare. For Brattvåg handlar det om å gjenskape det vi såg mot Fjøra sist. Kampen mot Fjøra såg vi at nærmast alt fungerte optimalt, rett og slett ein fantastisk kjekk fotballkamp. Med nøytrale auge så var nok også vårens heimekamp mot Varegg også ein fantastisk fotballkamp, men for Brattvåg sin del ein kamp vi fort ville gløyme.

Varegg kjem frå tap i Haugesund, mot deira 2. lag, medan kampen før så slo dei Brann sine nest beste. Det er vanskelig å sei så mykje om eit lag etter at dei har spelt kampar mot 2. lag, for vi veit aldri kva dei møter. Det vi veit er at Thomas Vacas er ute med karantene, etter direkte raudt kort sist mot Haugesund 2.

Brattvåg stiller ein attenmannstropp, men kven dei atten blir er enda ikkje klart. Ut i frå gårsdagens trening så ser vi at eit par mann har stått over grunna sjukdom. Så det blir spanande å få med seg kveldens trening. Då vil vi vite meir.

Vi håpe så mange som mogleg tar turen på kamp. Vi veit at Brattvågarar i Bergen mobiliserar til denne kampen, så det blir kjekt å sjå.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos