Brattvåg og Norborg inngår samarbeid.
Brattvåg og Norborg inngår samarbeid.

Brattvåg og Norborg inngår samarbeid.


Onsdag signerte Brattvåg og Norborg avtalen som gjer at dei to klubbane skal samarbeide i åra som kjem.

Vi er einige med Norborg om å samarbeide i juniorklassa og også samarbeide rundt laget til Norborg i 5. divisjon.

Dei to klubbane har siste månaden jobba med ein avtale og denne veka blei samarbeidsavtalen godkjent i klubbane sine styre. Det har vore eit godt samarbeid frå dag en og det var ei gruppe som var godt nøgd med avtalen som dei la fram til styra.

For Norborg har det vore Børt Tore Marthinussen, Kristoffer Søviknes og Kristian Søviknes som har vore i gruppa, medan Per Gidlund, Olav Andre Austbø og Ole Petter Aarsund har representert Brattvåg. Trioen frå Brattvåg takker Norborg for godt samarbeid hittil og er klare på at samtalene må fortsette og i lag skal vi jobbe for at samarbeidet kjem spelarane i dei to klubbane best mogleg tilgode.

Samarbeidet betyr at vi i lag skal stille juniorlag, eit lag som skal trene både i Uggedalen og i Brattvåg, vi skal også spele kampar på begge stadiona.

Trenarkabalen for laga er ikkje lagt, men begge klubbar skal vere representert med både trenar og lagleiarar.

Også på senior skal vi samarbeide, Norborg skal fortsette å trene og spele i Uggedalen, medan samarbeidet gjer at Brattvåg har ein arena for spelarar i seniortroppen som ikkje har fått ønska kamptid i 2. divisjon.

Vi ser fram til at samarbeidet skal starte og første trening for samarbeidslaget på junior blir i byrjinga av 2018.

På senior trenar vi kvar for oss.


Foto: Rolf Hansen, Nordre.


Hugs at du får kjøpt fyrverkeri på Brattvåg Stadion i romjula!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos