Herrelaget gjestar Color Line Stadion måndag kl. 1900


Herrelaget gjestar måndag Color Line Stadion for ny kamp i Norsk Tipping - ligaen.

Måndagskamp mot dei oransje og blå har gitt Brattvåg ei god oppladning til kampen. Laget valde å ta treningsfri 17. og 18. mai for så å trene godt i helga. Dermed har dei så godt som normal inngang til denne kampen, sjølv om den altså går ein måndagskveld.

Vi har ikkje fått nokon indikasjonar på kven som starter kveldens kamp, og Karl Oskar har rokert ein del på laget som har starta til no i år, så det blir spanande å sjå hvilke elleve han tar ut til kveldens kamp på CLS.

Brattvåg sin tropp:

Per Espen Thorsen, Henrik Hansen, Hannes Cederholm, Manny Adeyeye, Thomas Martinussen, Emil Dahle, Daniel Stensøe, Torbjørn Grytten, Finn Alvestad, Aksel Berget Skjølsvik, Scott Fellows, Hugues Wembangomo, Håkon Leine, Willy Zamble, Didrik Fløtre, Vegard Sætre, Niklas Rekdal, Prince Mambouana.

Vonleg tar mange Brattvåg supportarar turen på kamp, noko ein har for vane å gjer. Så vi ynskjer velkomen til CLS i kveld kl. 1900.

Inngang 5, på CLS.


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos