Lokaloppgjer i 7. serierunde i Norsk Tipping - ligaen
Lokaloppgjer i 7. serierunde i Norsk Tipping - ligaen

Lokaloppgjer i 7. serierunde i Norsk Tipping - ligaen


Laurdag kl. 1400 tar vi i mot Spjelkavik til eit nytt spanande lokaloppgjer i Norsk Tipping - ligaen.

Etter 3-1 siger på Color Line mot AaFK 2 på ein dårleg dag så får vi vone at vi har ein bra dag når Vika kjem på besøk. Vi regner med at Farmen Frode har brukt veka på å gire opp sine disiplar til kamp og då må vi vere klare, klare til kamp.

Spjelkavik starta sesongen godt, medan dei på sine tre siste kampar kun har tatt to av ni moglege poeng. Brattvåg står med sju av ni poeng på sine tre siste kampar. Men form eller ikkje form må ein gløyme laurdag, då er det kun 100% innsats som er nok, det må jobbast for kvarandre.

Spjelkavik er ikkje vande med publikum på sine kampar, så møt opp og overrask dei med den same støtta som vi alltid får, men ta gjerne litt ekstra i denne dagen. Ingenting er kjekkare enn når publikum lagar leven på tribuna, spesielt til eit lokaloppgjer.

Vel møtt til Brattvåg Stadion, laurdag kl. 1400.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos