Ny god fotballhelg
Ny god fotballhelg

Ny god fotballhelg


Mykje god Brattvågfotball denne helga, Brattvåg sitt juniorlag var først ut fredagskveld.

Vi starta med dei eldste, juniorlaget vann fredag 2-1 mot Spjelkavik på Brattvåg Stadion, etter mål av Eirik Koppen Vågnes og Emil Naalsund, Emil sitt mål må vere eit av dei vakraste som har blitt scora etter at vi skifta mål på KGB. Ei frisparkpærle frå 25 meter gikk rett i lengste og var ein susar av dei sjeldne.

G16 laget tok i mot Bergsøy til kamp i 1. divisjon, er enda det til slutt 7-1 etter ein jamn første omgang der stillinga stod 1-1. Etter pause tok gutane virkelig tak og ga seg ikkje før det stod 7-1 på resultattavla. Målscorarar for Brattvåg var: Sander Otterlei, Nikolai Sårheim, Gard Rogne, Tobias Jensen, Per Kristian Grytten Søvik x 2 og til slutt Per Kristian Helle Hildre.

G14 laget reiste til Ulsteinvik og møtte Hødd 2 i 2. divisjon, her vart det siger 4-1 og dermed leiar Brattvåg no 2. divisjon og er ubeseira etter fire kampar. Strålande start på sesongen for våre 14 åringar.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos