Trenarar klar for juniorlaget
Trenarar klar for juniorlaget

Trenarar klar for juniorlaget


I dag vart trenarduoen Torgeir Finnanger Garshol og Azem Maksumic klar for Brattvåg, dei har begge signert ei kontrakt som gjer at dei skal trene samarbeidslaget Brattvåg/Norborg i junior 1. divisjon i sesongen som kjem.

Vi er glade for å i dag gå ut med at delar av trenarteamet til neste år er klart, Torgeir og Azem er to trenarar med mykje erfaring både som spelarar og også som trenarar. Begge har vore trenarar for Brattvåg tidlegare, og Azem var i år trenar for Brattvåg sitt G14 lag, i lag med Anis Pajevic. Azem ynskte no nye utfordringar, og då er vi glade at han ser på juniorsatsinga til Brattvåg og Norborg som ei spanande moglegheit.

Torgeir var assistent på juniorlaget i starten av 2017, og hjalp dei i gang. Jobben hans då gjor at han ynskte ei pause, vel vitande om at sjansen ville by seg på nytt. Torgeir har også spelarerfaring frå Norborg sitt seniorlag, og kjenne dermed også Norborg godt.

At det vil kome ein trenar til inn i teamet, med enda meir tilknytning til Norborg er også mogleg, men her er det ikkje noko som er klart enda, vi er uansett trygge på at laget er i gode hender.

I november og desember er det Emil Dahle som har vore trenar på laget og vi ser ikkje vekk i frå at Emil vil vere med å bidra på juniorlaget i året som kjem med sine kunnskaper, tilbakemeldingane frå spelargruppa har vore gode. Og det er klart at Emil med si erfaring er ein god ressurs.

Vi ynskjer Torgeir og Azem lykke til i året som kjem.


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos