Uavgjort mot effektive Moldensarar
Uavgjort mot effektive Moldensarar

Uavgjort mot effektive Moldensarar


Laurdag tok herrelaget turen til Molde, motstandar denne laurdagen var Træff.

Herrelaget opnar best, har ballen klart mest og kjem til dei første småsjansane i kampen. Træfflaget satsar på ein ting, det er overgangar, og det er også slik dei får første målet sitt. Ein lang ball i bakrom, spissen brukar eit touch før han klinkar til i ei fin bue over Brattvågs nummer 1, Per Espen Thorsen. Målet kom etter 18. minutt. Brattvåg svarer raskt, Manny sett ballen i mål, men blir avvinka for offside. Lite reaksjonar på den avgjersla, så vi får tru det var riktig.
Træff aukar til 2-0 like før pause, det på deira andre sjanse i kampen.

Andre omgang liknar mykje på første omgang, det er Brattvåg som har ball og også presset, men det er Træff som scorar, etter ein corner i det 55 minutt.

Brattvåg fortsette å jage og i det 77. minuttet vår vi målet vårt, Eirik blir spelt i bakrom, legg ballen tilbake til Emil som klinka den via ein Træffspelar og i mål. Etter 85. minutt kjem eit nytt skot, denne gang frå Scott, han også plasserer ballen opp i vinkelen. Scott er også sist på mål nummer 3, dermed enda det 3-3 etter Scott si utligning i det 88. minuttet.

Fortsatt er det ting å fikse på, men ikkje meir enn at webredaksjonen er rolig og forventer at laget skal vere godt satt i første serierunde 17. april.


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos