Årets spelar - resultat.
Årets spelar - resultat.

Årets spelar - resultat.


I år hadde publikum moglegheit til å stemme fram årets spelar for både dame og herrelaget.

I tre veker hadde publikum moglegheit til å stemme fram årets spelar for dame og herrelaget. På damelaget var det spenning heile vegen inn, medan det på herrelaget tidleg skilde seg ut ein spelar.

Årets publikumspris for damelaget gikk i år til Alice Longva. Alice fikk til slutt ein komfortabel siger, men det var ei stund tett i toppen. Alice har denne sesongen tatt plass mellom stengene som keeper og gjort sine saker godt. Det er mykje fotball i Alice og måten ho har takla overgangen til keeper har vore særs god. Når ho samtidig kan ta turen ut av målet enkelte kampar og gjere sine saker godt i midtforsvaret er det fort gjort å kalle ho potet. Vi i klubben gratulerer Alice og tykkjer det er flott at ho får denne velfortjente prisen. På plassane bak Alice finn vi Olivia Valde og Mathea Sønderland.

Årets publikumspris for herrelaget gikk i år til Scott Fellows. Bautaen fikk heile 213 stemmer og var suveren i kåringa. Scott fikk også prisen frå sine lagkamerater når dei stemte fram sin favoritt etter sesongslutt. Scott har tatt store steg sidan han kom til Brattvåg for to år sidan, og den oppofrande spelestilen blir lagt merke til av både publikum og lagkamerater. Vi gratulerer Scott og avslørar samtidig at vi stemte som publikum både på Alice og Scott. På plassane bak Scott finn vi Patrik Hjelmseth og Magnus A Seth.

Vi takker publikum for stort engasjement rundt stemmegivinga og lovar at dette blir ein årleg sak.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos