Det nærmar seg sommarpause for PostNord-ligaen avd. 2. Søndag spelar herrelaget nest siste kamp før ferien.
Fløy har som Brattvåg tatt flest poeng på bortebane i årets serie, vonleg fortsetter denne trenden. Brattvåg har lagt bak seg ei tung periode no, men vonleg finn laget tilbake til gamle takter når dei søndag møter Fløy.
Fløy er eit erfarent 2. divisjonslag, sjølv om laget i 2017 spela i 3. divisjon har det vore 2. divisjonsfotball på Fløy i ei årrekke. Dei har starta årets sesong godt, og har kapra femten poeng i årets sesong så langt.
Brattvåg viste prov på betring i andre omgangen mot Arendal i sist bortekamp og vonleg har vekas treningar ført laget eit godt steg i riktig retning. For det er ein svolten gjeng som reiser på poengjakt til Kristiansand på laurdag.
Kampen spelast søndag kl. 1330 og kampen ser du på www.smp.no eller så kan du følgje kampen på Brattvåg sin twitterprofil.