Generalsponsor for tre nye år
Generalsponsor for tre nye år

Generalsponsor for tre nye år


Sparebanken Møre er vår generalsponsor i tre nye år - eit viktig samarbeid for Brattvåg IL

Vi er svært glade og fornøgde med at Sparebanken Møre fortsetter samarbeidet som generalsponsor med Brattvåg IL og at dei verdsett verdigrunnlaget vårt. Sparebanken Møre har i mange år vore veldig synleg i lokalmiljøet og ein særs viktig støttespelar for Brattvåg Idrettslag og ikkje minst viktig for ei bygd i stadig utvikling, seier Arne Harnes, sponsoransvarleg i Brattvåg IL.

Banksjef Rune Fjørtoft i Sparebanken Møre fortel at banken har hatt eit positivt samarbeid med idrettslaget gjennom mange år, og at klubben har utvikla seg mykje i løpet av desse åra.

– Som den største banken i fylket vårt, har vi i Sparebanken Møre ein klar strategi om å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til det samfunnet vi er ein del av. Vi opplever Brattvåg IL som ein svært god ambassadør, og veit av erfaring at vi har mange fellesinteresser med klubben. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie og felles verdigrunnlag, seier Fjørtoft.

Han viser til dugnadsånda, lidenskapen og den brennande iveren som kjenneteiknar klubben, og som bidreg til venskapsband, glede og fellesskap blant både unge og eldre. Brattvåg IL er også kvalitetsklubb og jobbar langsiktig og samarbeider godt med andre klubbar i nærområdet, seier Fjørtoft.

– Vi veit at klubbar som Brattvåg er avgjerande for at born og unge skal få sjansen til å realisere draumane sine i idretten. Brattvåg IL er ein klubb for både topp og bredde, der det er lov å bli god. Vi er stolte av å kunne bidra til at Brattvåg IL kan utvikle seg vidare. Dei er ein stor og viktig aktivitetsskapar i vårt lokalområde, og vi er glade for å kunne vere med på laget, seier han.

Brattvåg IL har tilbod gjennom FFO for dei yngste og Fotball Spesiale for dei litt eldre. Fjørtoft ser dette som eit teikn på at den støtta banken bidreg med gir gode resultat.

– Klubben har også toppsatsinga som sitt flaggskip, noko som har ført A-laget til 2. divisjon og Postnord-ligaen. Det er vi stolte over å ha vore med på.

Vi ønskjer Brattvåg IL lykke til med ein spanande sesong, seier Fjørtoft.

Det er ikkje mogleg for klubben å kunne nå sine sportslege ambisjonar utan sponsorane våre. Sparebanken Møre har vore ein trufast og viktig støttespelar for oss i dette arbeidet i mange år, og vi er særdeles glade for å ha Sparebanken Møre med på laget som generalsponsor også dei neste tre åra seier Stig Hurlen, leder i Brattvåg IL Fotball.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos