J16 Brattvåg med sterk vårsesong
J16 Brattvåg med sterk vårsesong

J16 Brattvåg med sterk vårsesong


Etter ei krevjande avslutning på sesongen med 3 kampar på ei veke så havna J16 på 2. plass i 2. divisjon, berre forbigått av Hareid som hadde 3 poeng meir.

Brattvåg-jentene (som også har med 3 jenter fra Grytestranda) starta sesongen med ein sterk kamp mot nettopp divisjons-vinnar Hareid i april, der leda dei kampen fleire gongar, før Hareid gjekk forbi med eit mål slik at kampen enda 3-4 på Bortebane for Brattvåg. Ein sterk start på sesongen når ein no i ettertid veit at Hareid har vunne alle sine 7 kampar og har ein måldifferanse på +58.

Neste kamp var for mange den viktigaste å vinne, nemlig nabo-oppgjeret mot Ravn. Her overbeviste jentene med ein sterk 8-3 siger, og vidare herifra vann dei klart mot Ørsta og Langevåg.

Siste veka før sommarferie var det 3 tøffe kampar i vente mot Volda/Folkestad, Herd og Stranda/Sunnylven. Her imponerte jentene med sterke prestasjonar og klare sigrar i alle 3 kampane. No er det litt kvile som gjeld før vidare trening og førebuing til Norway-cup i juli/august.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos