Opprykksjubel for samarbeidslaget!
Opprykksjubel for samarbeidslaget!

Opprykksjubel for samarbeidslaget!


Norborg/Brattvåg 2 vann torsdag 1-0 borte mot Langevåg og sikra dermed opprykket til 4. divisjon.

Det vart stort slått opp at Norborg og Brattvåg skulle samarbeide i 2018, og det var heilt sikkert skeptikarar til det. I går kom beviset på at vi samarbeidar godt. Opprykk på direkteten frå 5. divisjon til 4. divisjon. Norborg har fått nødvendig påfyll til at dei har kunne fortsette den gode jobben dei har gjort i ei årrekkje, Brattvåg har hatt eit tilbod til unge spelarar som er oppe å banka på døra til 2. divisjon. Spelarar som har vore ute med skade har hatt ein fin arena til å finne tilbake kampforma.

Dette opprykket betyr mykje for Haramsfotballen, det at vi har eit godt sportsleg tilbod på fleire nivå er viktig. Vonleg klarer også Fjørtoft å redde plassen i 5. divisjon, då har vi lag frå Haram i 2. 4. 5. og 6. divisjon i Haram.

Vi takkar Norborg for samarbeidet så langt og gleder oss til forsettinga.

Gratulerer Norborg!

Vi feira sjølvsagt opprykket med kake på kontoret.


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos