Tine Fotballskule 2018
Tine Fotballskule 2018

Tine Fotballskule 2018


Vel overstått Tine Fotballskule, ei veke med trivsel og gode fotballopplevingar.

radisjonen tru gjennomførte vi også i år Tine Fotballskule, vi har storkosa oss i lag med over 100 born som har fått mange nye venar, enda fleire balltouch og hundrevis av mål har blitt scora!

Vi har hatt besøk frå spelarar frå klubbar frå heile Haram, Skodje spelarar var her og enda en gang legg utflytta Brattvågarar ei ferieveke i Brattvåg slik borna skal få moglegheit til å delta på Tine Fotballskule. Det er kjempekjekt!

Trenarane for årets fotballskule var spelarar frå dame og herrelaget, desse har gjort ein flott innsats og har akkurat som vi ønska hatt hovudfokus på trivsel og tryggleik, når du i tillegg er ein god fotballtrenar så har du suksessformelen.

Vi takkar alle borna for besøket og ynskjer dykk velkomen tilbake neste år!


Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos