To nye hospitanter tatt opp til herrelaget
To nye hospitanter tatt opp til herrelaget

To nye hospitanter tatt opp til herrelaget


Denne veka vart Per Kristian Helle Hildre og Per Kristian Grytten Søvik tatt opp i herrelaget si hospiteringsgruppe.

Dei to sekstenåringane har gjort sine saker godt gjennom vinterkvalifiseringa til 1. divisjon for G16. Eit kvalifiseringsspel
som enda med eit suverent opprykk. No venter nye utfordringar for dei to. To treningar i veka skal dei no prøve seg
med herrelaget, medan dei også har to treningar i veka med samarbeidslaget på senior, Norborg-Brattvåg 2.
I tillegg kjem dei til å trene med juniorlaget. Vonleg er dette eit godt tilbod som gjer at dei to spanande gutane får
fortsette utviklinga si.

Sportssjef Per Gidlund er godt nøgd med at dei to no er inne i hospitantgruppa og håper at dette fungerer
som god motivasjon for jamaldringane. For det gror godt i Brattvåg!

Vi ynskjer dei to velkomen opp på senior og ynskjer dei lykke til.

Med desse to inn så ser spelarstallen slik ut: http://www.brattvag-il.no/herrelaget

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos