Uttak til Bylag G13 og Kretslag G14 klare


Denne veka kom uttaket til krets og bylag, Brattvåg har med to spelarar på dei to laga.

Vi har tatt ein prat med trenar for Bylag G13, nemleg vår eigen Per Gidlund. Gidlund som har hatt ansvaret for Satellittspelarar på Nordre Sunnmøre avd. Brattvåg dei siste åra er no også engasjert gjennom Bylag og AaFK sitt videreutviklingsprogram. Per tok over ei gruppe på 43 spelarar som alle har klubbtilhørighet på denne sida av Storfjorden. Gjennom seks økter vart antallet spelarar redusert til 25 spelarar, der Amar Selak frå Brattvåg fortsatt er med. Per fortel at Amar er ein offensiv spelar med sine styrker i bakrommet. No får han moglegheit til å trene godt med gode fotballspelarar, noko som medfører at han får utvikle seg meir og samtidig utfordre dei sidene av spelet sitt som ikkje er like godt utvikla.

På kretslag G14 har vi med Magnus Otterlei som har tatt steget vidare frå Bylaget i fjor, Magnus har deltatt på turneringsspel og trening i regi av AaFK og kretsen siste året og vi er glade for at han får fortsette å utvikle seg på kretslaget, Magnus har også ein god arena i Brattvåg og hospiterer også opp på G16. Også Amar har hospitert oppover, men dei to er også med i eiget årskull fortsatt.

Vi gratulerer dei to med uttak og håpe dette virker motiverande både for dei to, men også for medspelarar og trenarar som ser at det nyttar å trene. Sjansane er her for alle, eit uttak til dei ulike tiltaka er ikkje endeleg og både dei som er med må fortsette å jobbe for å fortsatt vere med, medan dei som ikkje blei med i denne omgangen har moglegheit til å trene seg inn mot laget.

Det som bylag og kretslag ser på når dei gjer desse uttaka er:

  • Eigarskap til eiga utvikling og trening på eigenhand.
  • Tilstadeverelse på alle treningar, og ynskje om å vere med å løfte treninger.
  • Teste eigene grenser og tørre å gå utføre komfortsone.
  • Nysgjerrig og reflektert både før, i og etter trening. Fokus på kva som var bra og kva ein kunne vere betre.
Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos