Eit pur ungt seniorlag tok i mot Skodje i Uggedalen, det enda med nok ein storsiger.
Det enda heile 6-0 i Uggedalen, dei tre første måla kome før det var spelt tjue minutt. Det vart ein komfortabel siger mot 5. divisjonslaget Skodje.
Målscorarar:
Jesper Vos x 2, Per Stian Alvestad, Per Kristian Helle Hildre, Ole Johan Urke, Magnus Jenssen.
Torsdag ventar ny treningskamp, då mot Blindheim. Blindheim som i lag med Norborg/Brattvåg rykka opp frå 5. divisjon i 2018. Det blir
spanande å sjå kvar laget står i møte med ein divisjonskollega. Så ta turen i Uggedalen, torsdag 19.00.