Siger i serieopninga!
Siger i serieopninga!

Siger i serieopninga!


Samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy med siger i serieopninga!

I 1.serierunde tok vårt juniorlag turen til Langevågen, og skulle revansjere 0-3 tapet for langevågingane i vinter. Oppladninga var optimal, når dei fleste hadde tatt turen på Brattvåg Stadion for å vitje 2-1 sigeren til Brattvåg mot Arendal.

Det tok ikkje lange tida før ein såg kor kampen bar. Brattvåg tok føringa i kampen, og var oppe i 2-0 før 20 minutt hadde passert. Det tvang fram fleire byttar frå Langevåg, utan at dei kom seg noko nærare buret som Sander Arntsen vokta. Per-Kristian Hildre Helle gjorde både 1-0 og 2-0 for Brattvåg før pause, men tykkja det var nokre mål for lite.

Punktere kampen

I pausa blir guttane enig om å punktere kampen forast mogleg. Nemnde Helle Hildre legg på til 3-0 etter 55 minuttars spel, og tok like gjerne ansvar for 4-0 også! Fire (!) mål blei nok for den unge storscoraren, som blei teke av 10 minutt før slutt. Langevåg fekk ei redusering, men innbyttar Sandar Tharaldsen ville òg på scoringslista. Han sette inn ein retur frå Vidar Rogne, og fastsatte resultatet til 5-1, og tabelltopp!

- I 1.omgang gjer vi nesten alt riktig! Vi kontrollerar kampen og gjer akkurat det vi har øvd på og snakke om før kamp, og meire til. I 2.omgang fell tempoet, men vi har stadig god kontroll. Gutta kan legge seg med eit breidt glis i kveld, uttalar trener Marius Rogne.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos