Sosiale media

Om klubben

Den 7. oktober 1940 vart Brattvåg IL stifta med eit sterkt ønskje om å ha ein idrettsplass der ein kunne kome saman for å drive med ulike idrettsaktivitetar, Frå første stund var det arbeidd målretta for å ha ein allsidig idrettsaktivitet i klubben - både vinter og sommar.

Den første store milepælen i klubben si historie var då fotballbana i Synnalandsdalen vart godkjent av Sunnmøre Fotballkrets, og Brattvåg frå hausten 1950 endeleg fekk vere med å spele seriekampar.

På dei 75 åra som har gått sidan starten har klubben utvikla seg til ei middels stor bedrift med ei omsetning på over fem millionar kroner. Klubben har nærare 800 medlemmar der fotballen, med 21 lag, er sjølve berebjelken. Det er investert i anlegg for over 25 millionar kroner, og i tillegg har klubben tilsett to personar i heiltidsstillingar. Snakk om utvikling!

Det som går igjen som ein raud tråd gjennom heile historia til Brattvåg IL er det store engasjementet for å utvikle og skape noko i fellesskap med andre. Idrettslaget har betydd særs mykje for mange, og det er vel knappast ein familie i bygda som ikkje på ein eller anna måte har vore involvert i Brattvåg IL - anten gjennom verv, som utøvar, eller har vore i nær slekt med ein utøvar.

Mange enkeltpersonar - med eit bankande hjarte for klubben - har lagt ned ein stor innsats på ulike plan i Brattvåg IL. Takka vere desse har klubben kome dit han er i dag.

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos