Meir enn 200 jenter og gutar representerer vår breiddeavdeling. Alle skal med!
Vår aktivitet er definitivt breiddeidrett. Det viktigaste er å delta. Alle er velkomne og gode nok! Vårt mål er at alle skal oppleve meistring gjennom fysisk aktivitet og samhandling med andre. Vi skal støtte kvarandre i med- og motgang og respektere dei avgjerslene som blir teke. Brattvåg IL ønskjer også at fotballen skal vere eit reiskap i det integreringsarbeidet som skjer i kommunen.
Vi vurderer det slik at sjølv om breidde og fellesskap er viktigast, skal det vere rom for å utvikle talent, og at dei som ønskjer å satse litt ekstra får sjansen til det. Dette kan skje på ulike måtar. Vi har eit åpent anlegg og oppmodar til så mykje eigentrening som mogleg.
Vi sjåast på stadion!