Etter årets sesong er det klart at fleire spelarar gir seg, vi vil nytte høvet til å takke desse for strålanda innsats i gult og blått.
Vi startar spesielt med Didrik Fløtre som har vore i Brattvåg sidan våren 2014 og lagt ned ein flott innsats for klubben. Didrik har blitt ein publikumsfavoritt med sin solide fysikk og oppofrande spelestil. Didrik rakk å få 99 kampar for dei gule og blå.
Også spelarar som kom inn denne sesongen har valgt å gi seg i Brattvåg, Aksel Berget Skjølsvik vil prioritere arbeid som dagleg leiar for Åndalsnes IF, medan Emmanuel Adeyeye har reist heim til England. Saihou Jagne har også gitt seg i Brattvåg, han vender tilbake til Indisk Fotball.
Vi ynskjer dei alle lukke til vidare!