Vår viktige midtbanespelar Sami Kamel har signert kontrakt som binder han til to nye år med klubben. Dette er eit sterkt signal frå både klubb og spelar om at einønskjer å utvikle samarbeidet ytterlegare framover.
Sami Kamel kom til Brattvåg før 2019-sesongen. Før dette hadde han tre sesongar med Hønefoss i PostNord. I Brattvåg har den allsidige spelaren på dei to sesongane spela 38 obligatoriske kampar og scora 18 mål. Ein sterk statistikk med tanke på at Sami har spela mykje kant og midtbane. I år har han vore indreløper på midtbana i alle kampane etter serieåpninga.
Sami er glad for at avgjerdsla er teken og at han kan førebu seg på nye sesongar i klubben: - Eg er glad for å forlenge med to år i Brattvåg. Eg trivast veldig godt her og har tru på det vi gjer som klubb og lag og ser fram til å fortsette framgangen, seier Sami.
Trenar René Skovdahl er også glad for å ha Sami på plass for dei komande sesongane: - Sami er ein topp profesjonell spiller som vi er svært glade for å ha med vidare. Sami leverer på eit stabilt høgt nivå og kan dekke mange posisjoner. Han er også ein god avsluttar, noko som statistikken viser. I tillegg er Sami ein som bidrar i klubben også på mange områder. Han stiller opp på FFO og ønskjer å hjelpe klubben til å utvikle seg, seier René om spelaren han også var trenar for ein sesong i Hønefoss.
Vi gratulerer Sami med ny avtale i Brattvåg og ser fram til nye framgangar med deg som ei viktig brikke på og utanfor bana!