Nye estimat på kostnader på prosjektet «Nytt klubbhus» frå Sporstøl Arkitekter AS var så alarmerande at leiinga i klubben fann det rett å stoppe prosjektet «Nytt klubbhus» så fort som mogleg.
Vedtaket i hovudstyret lyder slik:
« Brattvåg idrettslag utset byggeprosjektet med nytt klubbhus på ubestemt tid. Idrettslaget vil ta opp att planane når tida er mogen og økonomien tillet det».
Forslaget vart einstemmig vedtatt.
Leiar Arne Vågnes fortel litt meir om grunngjeving for forslaget:
- Brattvåg idrettslag si byggenemnd har hatt eit tett samarbeid med Sporstøl Arkitekter AS med prosjektering av det nye klubbhuset vårt. I dette arbeidet vart det etter kvart tydeleg for oss at kostnadene med realisering av prosjektet vart for store for ei berekraftig utvikling av klubben. Den siste oppdaterte kalkylen viste ein kostnad på ca 25 mill kr. Dette er eit reknestrykke basert på pris per kvadratmeter (etter SSB sin data for 2022) og totalt areal.Arnfinn Sporstøl trur, basert på erfaringane frå dei siste månadene, at dei verkelege totale kostnadene (etter innhenting av anbod) vil ligge betydeleg høgare. Dette er langt over smertegrensa vår.
- Eg vil leggje til at det er naudsynt å betale renter og avdrag på lånet som vi alt har. Betydeleg renteauke gjer at dette vert krevjande nok! Vi treng om lag ti år før vi har betalt ned dette lånet. I tillegg har utgiftene til straum, kommunale avgifter og forsikring auka betydeleg. Det overordna biletet er såleis ei betydeleg auke i driftsutgiftene til anlegget vårt. Ved å stoppe prosjektet «Nytt klubbhus» har vi desse trass alt nokolunde under kontroll, og har nok til ei forsvarleg sportsleg satsing både i topp og breidde.