Marius Refsnes har signert kontrakt ut 2025-sesongen.
Vi er stolte over å kunne annonsere at Marius Refsnes, ein av våre mest dedikerte og pålitelege forsvarsspelarar, har forlenga kontrakta sin med Brattvåg Fotball. Den 24 år gamle backen har vore ein solid del av vårt forsvar sidan han kom til klubben 18. mars 2020. Med 101 kampar og 6 mål i bagasjen har Marius vist verdien sin gjennom si utrulege fart, enorme løpskapasitet og ikkje minst offervilja si på bana.
Denne sesongen har Marius spelt alle dei 16 kampane i serien, i tillegg til NM-kampen mot Kristiansund BK. Han har også markert seg med eit viktig mål i 1-3 sigeren mot Vard Haugesund. Marius, som spelar med draktnummer 22, er ein nøkkelspelar i laget, og vi er glade for at han held fram med å vere ein del av Brattvåg-familien.
Med Marius på laget har vi ein spelar som alltid gir alt, og vi ser fram til mange fleire minnerike augeblink saman.