Pedro Calisto har signert ein avtale som keepertrener med Brattvåg ut 2025.
Vi er svært glade for å kunne meddele at Pedro Calisto har signert som keepertrener for Brattvåg Fotball ut 2025. Dette er ein viktig signering som vil styrke keeperarbeidet i heile klubben, frå rekruttering til A-lag.
Pedro har brei erfaring både frå Portugal og Norge, og er eit kjent namn på Sunnmøre. Han har tidlegare vore keepertrener i fire år her i Brattvåg, i tillegg til erfaring frå klubbar som AaFK, Gneist, Norborg og Spjelkavik. Han kjem tilbake til oss etter å ha vore ein del av AaFK sitt akademi dei siste åra.
Vi ser fram til å ha Pedro tilbake på feltet og gleder oss til å sjå hans bidrag til vidare utvikling av keeperane våre! Velkommen tilbake, Pedro!