Kristian Hjelvik Halvorsen takkar for seg for denne gong.
Brattvåg Fotball vil takke Kristian Hjelvik Halvorsen for innsatsen hans for klubben, etter at han spelte sin siste kamp i Brattvåg-drakta i helga mot Jerv. I denne sterke 1-3-seieren på bortebane var Kristian sentral, med den viktige 0–1-scoringa på frispark etter elleve minutt.
Kristian har vore ein solid bidragsytar for Brattvåg denne sesongen, med spel i alle dei 17 seriekampane, i tillegg til NM-kampen mot Kristiansund BK, og han står bokført med 5 mål i serien. Totalt har Kristian spelt 34 kampar for førstelaget til Brattvåg og scora 6 mål.
Kristian er kjent for sin presise og kraftfulle venstrefot, som har skapt store problem for motstandarane. Han har vore ein viktig del av laget vårt, og vi ønsker han alt det beste vidare i karriera!
Tusen takk for innsatsen, Kristian! Du vil alltid vere ein del av Brattvåg-familien!