Andreas Tveiten har signert ein avtale med Brattvåg ut 2026.
Vi er glade for å kunne ønske Andreas Tveiten velkommen til Brattvåg! Andreas, som nylig fylte 19 år, kjem frå Viking og har signert ei avtale med oss for 2025 og 2026.
Andreas har hatt ein solid sesong, der han spelte 24 kampar i PostNord-ligaen for Viking 2. Han var også ein viktig del av laget som rykka opp frå 3. divisjon i fjor. I tillegg til innsatsen for Viking 2, har han levert sterke prestasjonar på juniorlaget som tok seg heilt til NM-finalen mot Brann. Finalen enda med eit surt 5-6 tap, men Andreas viste klasse med scoringar både i kvartfinalen og semifinalen.
På landslagsnivå har Andreas også gjort seg bemerka. Han har tidlegare vore med den norske G16-troppen til samling, ein milepæl som understrekar talentet hans og potensialet for vidare utvikling på toppnivå.
Andreas er ein allsidig spelar som kan bekle fleire posisjonar. Han har mest erfaring som midtbane og spiss, men kan også bekle kantrollen. Han har vist ei flott utvikling denne sesongen og fekk stadig meir speletid, der han virkeleg blomstra utover året.
Viking 2 rykka dessverre ned frå PostNord-ligaen på siste dag, men spelte jamt med alle laga i divisjonen, inkludert sterke resultat som seier mot både Jerv og Brattvåg. Dette er ei svært spennande signering for Brattvåg. Med Andreas sin arbeidsmoral, ferdigheiter og talent, er vi sikre på at han vil passe perfekt inn i laget vårt og bidra stort i sesongane som kjem.
Velkommen til Brattvåg, Andreas!