Erlend Henriksen har signert ein avtale med Brattvåg ut 2025.
Vi er stolte av å kunne annonsere signeringa av Erlend Henriksen, ein solid keeper med imponerande erfaring! Erlend har signert ein eittårskontrakt med Brattvåg for 2025 og blir eit viktig tilskot til laget vårt frå januar.
I fjor var Erlend ein nøkkelspelar for Levanger då dei sikra opprykket til OBOS-ligaen. Han spelte heile 26 kampar i PostNord-ligaen, der han heldt nullen i imponerande 14 av dei! I år har han også vist seg fram i NM med to kampar der han ikkje slapp inn mål. Med sin ro, erfaring og kvalitet i mål er han ein spelar vi gler oss til å få på plass.
27-åringen frå Senja kjem til oss med ein sterk CV, og vi ser fram til at han skal bidra med trygghet bakerst på bana i sesongen som kjem. Velkommen til Brattvåg, Erlend!