Vi er svært glade for å kunne ønske Adrian Cortes Uglevik velkommen tilbake til Brattvåg! Adrian, som opprinnelig kjem frå Molde, starta si karriere i Molde FK før han tok turen til Brattvåg i 2021. Etter to gode sesongar hos oss, med 38 kampar og 2 mål frå sin midtstopparposisjon, gjekk turen vidare til Levanger.
No er han tilbake i Brattvåg, og vi er stolte over å ha ein spelar med hans kvalitet og erfaring i stallen igjen. Adrian har nyleg teke store steg i karrieren – i sommar fekk han sin landslagsdebut for Filippinene i ein VM-kvalifiseringskamp, og han står no med 2 kampar for landslaget.
Adrian er berre 23 år, men har allereie vist sin verdi som ein sterk og påliteleg midtstoppar. Med erfaring frå både Molde, Brattvåg og Levanger, og no også internasjonale kampar, bringer han ei viktig blanding av rutine og talent tilbake til klubben.
Vi ser fram til å sjå Adrian i aksjon i 2025-sesongen og er sikre på at han vil bidra stort både på og utanfor bana.
Velkommen tilbake til Brattvåg, Adrian!