2x Eliteserievinnar klar for Brattvåg!
2x Eliteserievinnar klar for Brattvåg!

2x Eliteserievinnar klar for Brattvåg!


Oskar Stølan har signert ein avtale med Brattvåg ut 2026.

Vi er svært glade for å kunne annonsere at Oskar Stølan har signert for Brattvåg ut 2026! Den solide midtstopparen kjem frå Stjørdals-Blink, der han har vore ein viktig brikke med 56 kampar og 7 mål. Oskar er kjent som ein stoppersjef med god duellkraft og leiareigenskapar, og vi er sikre på at han vil styrke vårt forsvar betrakteleg.

Oskar har tidlegare spelt for Nardo og Tiller, i tillegg til Byåsen og Sjetne i ungdomsåra. Han har også ein imponerande karriere innan futsal, med 40 kampar og 20 mål i Eliteserien. Oskar var med på å vinne Eliteserien i futsal to år på rad med Utleira i sesongane 2019-2020 og 2020-2021.

Ein spanande detalj er at Oskar gjenforeinast med Fredrik Vinje, som han spelte saman med i Stjørdals-Blink. No skal dei på nytt samarbeide om å halde tett bakover – denne gongen i Brattvåg-drakta!

Vi ser fram til å sjå Oskar briljere på bana og gleder oss til å følgje han dei neste sesongane.

Velkommen til Brattvåg, Oskar!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos