Eliteseriespiller i futsal har signert!
Eliteseriespiller i futsal har signert!

Eliteseriespiller i futsal har signert!


Anders Nytoft har signert ein avtale med Brattvåg ut 2026.

Vi er glade for å kunne annonsere at Anders Nytoft har signert for Brattvåg Fotball. Anders kjem frå Strindheim TF, der han har vore ein sentral spelar med imponerande målteft.

Anders har allereie opparbeida seg solid erfaring med 105 kampar i 3. og 2. divisjon for Byåsen og Strindheim TF, der han har scora 50 mål. I 2023 bidro han sterkt til Strindheims opprykk til 2. divisjon og spelte ein viktig rolle då laget sikra plassen med ein 11. plass, 7 poeng over nedrykksstreken. Anders markerte seg med heile 16 mål på 26 kampar i PostNord-ligaen avdeling 2 i tillegg til 1 mål mot Molde i 1-2 tapet i cupen.

I tillegg har han vist seg fram i Eliteserien i futsal for Solsiden Futsal, der han i vinter har spelt 9 kampar og scora 4 mål. Hans erfaring fra futsal bringer teknikk, tempo og kreativitet som vil styrke vårt offensive spel.

Vi ser fram til å få Anders på banen i Brattvåg-drakta, og vi er sikre på at han vil bli ein viktig spelar i sesongen som kjem.

Velkommen til Brattvåg, Anders!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos