Henrik, Magnus og Kevin er klare for ny sesong i Brattvåg 2.
Vi er stolte av å kunne presentere tre viktige brikker som er klare for spel med Brattvåg 2 i 2025-sesongen:
Henrik Otterlei Hurlen
Henrik vender tilbake til Brattvåg 2 etter to år i Stordal/Ørskog, der han var med på å sikre opprykk til 4. divisjon. Med totalt 25 kamper og 10 mål i denne perioden, har han vore ein viktig bidragsyter både på og utanfor bana. Henrik er ein fantastisk karakter å ha i gruppa og han vil være eit savn for Stordal/Ørskog. Vi gledar oss til å ha deg tilbake, Henrik!
Magnus Austbø Seth
Magnus er klar for ein ny sesong med Brattvåg 2 etter å ha imponert i høst. Han kom til oss i sommer fra NTNUI og 4. divisjon, der han leverte 73 kampar og 73 mål – eit enormt sterkt målsnitt! På Min Fotball har Magnus heile 219 kampar og 215 mål, og han er nok gira på å få opp snittet igjen komande sesong. I høst spelte han 13 kampar og scora 4 mål for Brattvåg 2, og vi gleda oss til å sjå meir av hans offensive kvaliteter i 2025!
Kevin Anders Brusethaug
Kevin er også klar for ein ny sesong i Brattvåg 2. Han signerte i sommer og leverte sterke prestasjonar i høst med 9 kampar og 5 mål frå sin midtbaneposisjon. Kevin har tidligere erfaring frå klubbar som Surnadal, Dahle og KBK, og vi er glade for å ha med oss hans kreativitet og målteft videre inn i neste sesong.
Tre viktige spelarar som vil styrke Brattvåg 2 både på og utenfor bana – vi ser fram til ein spennende sesong i 2025!