Ruben Kolseth Myers har signert ein avtale med Brattvåg ut 2025. (Foto: Spjelkavik IL).
Vi er veldig glade for å kunne ønske Ruben Kolseth Myers velkommen til Brattvåg Fotball! Ruben er ein ung, lokal og spennande midtbanespelar født i 2005 (19 år).
Han kjem til oss frå Spjelkavik, der han virkelig har funnet scoringsformen denne sesongen. I 2024 spelte han 29 kamper og scora heile 9 mål, noko som understreker hans offensive kvaliteter frå sin sentrale midtbaneposisjon. Totalt har Ruben 68 kampar i 3. divisjon for Spjelkavik med 11 mål på merittlisten, i tillegg til 5 NM-kampar.
Ruben har tidlegare vore innom Rollon og Aalesund i ungdomsåra, men er i bunn og grunn ein ekte "vikagutt", med mesteparten av si utvikling i Spjelkavik.
Dette er ein ung spelar med solid erfaring til tross for sin unge alder, og vi ser fram til å følge hans videre utvikling i Brattvåg-drakta.
Velkommen til Brattvåg, Ruben!