Solskjær til Brattvåg!
Solskjær til Brattvåg!

Solskjær til Brattvåg!


Noah Solskjær har signert på lån fram til sommaren 2025.

Brattvåg Fotball har gleda av å annonsere at Noah Solskjær kjem på lån frå Aalesunds FK fram til sommaren 2025! Noah er ein spennande og målfarleg spelar som kan bekle fleire offensive roller på bana, inkludert offensiv midtbane, falsk 9ar, sentral midtbane og spydspiss.

Noah har allereie bygd opp solid erfaring frå fleire klubbar i norsk toppfotball. Han har fått prøve seg i Eliteserien med to innhopp for Kristiansund BK, og har også vore på bana i 14 kampar i OBOS-ligaen for Aalesund og Sogndal.

Noah imponerte stort for Spjelkavik etter å ha kome tilbake frå skade, der han spelte 27 kampar og scora imponerande 16 mål før overgangen til Aalesund. Dette viser hans offensive kvalitetar og evne til å avgjere kampar. Han er kjent for sine tekniske ferdigheiter, høgde og blikk for mål. Med si allsidige speleforståing og målteft vil han utan tvil bli ein viktig spelar for Brattvåg den kommande sesongen.

Vi gler oss til å sjå Noah Solskjær i Brattvåg-drakta og er sikre på at han vil tilføre laget mykje kvalitet og offensiv kraft!

Velkommen til Brattvåg, Noah!

Lag Invest
Sparebanken Møre
NMK
Kongsberg Maritime
Bunnpris
Brabil
First Seafood
Tafjord
Artal
LAG Invest
Lapas
Telenor Xtra FFO
Bli grasrotgiver
Brattvåg Fysikalske
Sport1
NOGVA
Samfjordkvartalet
PostNord
Umbro
Sandcos